Hei alle saman!
Etter å ha gått gjennom dødsboet frå far min, så sit me igjen med ei gjenstand som me lurar på kva er for noko.
Eg veit ikkje heilt kor eg skal henvende meg, då me ikkje har nokre antikvitetshandlarar i mitt område, ei heller står det noko tekst på denne vasen. Eg har og googla litt, men har ikkje fått nokre treff. Difor tenkte eg å prøve meg her på forumet.
Den einaste informasjonen eg har, er at vasen blei kjøpt på 70-talet på auksjon i Portugal. Far min fekk den i 1990 av onkelen og tanta si. Onkelen til far min var kunsthandlar, så han hadde nok ikkje gitt den frå seg om den var av noko særleg verdi. Me er mest interessert i å få identifisert den.
Om det er nokon som har greie på dette, så takkar eg for all hjelp me kan få!
Rar uidentifiserbar vase frå dødsbo
Re: Rar uidentifiserbar vase frå dødsbo
Potpourri-krukke? Uansett ikke noe med verdi, så om du liker den er det bedre å beholde den selv.